Eit søppelfritt liv og ein grønare kvardag

IMG_8430 grønnere hverdag, grønn kvardag, miljøvennlig liv, zero waste, søppelfritt livGjesteblogger Kristine Ullaland, som står for bloggen Grønare kvardag, deler erfaring fra et søppelfritt liv:

Søppel er utrulig ubehagelig. Det lukta, er lite estetisk og tek alt for mykje plass. Og vi får stadig meir. Vi kastar i dag dobbelt so mykje som vi kasta på 90-tallet, og i følgje ein FN-rapport kasta vi i snitt 28,4 kilo elektrisk avfall i 2012. Samstundes linkast vårt høge nivå med kunstige kjemikaliar i blodet med vårt høge konsum. Kva framtid er det vi bygger?

Eg ynskte ikkje å ta del i denne statistikken og bestemte meg for å bli søppelfri. 

Eit søppelfritt liv – eit realistisk prosjekt?

For å vere heilt ærleg såg eg det som eit urealistisk prosjekt. Korleis kan ein bli søppelfri når ein er del av eit forsøplande samfunn? Kva med sosiale lag, der det regnar plastsugerør og muffinsformer i papir? Kva med søtsuget som brått melder seg på veg heim frå jobb? For og ikkje snakke om min favorittrestaurant som kun har take-away mat i plast? Eg bestemte meg likevel for å prøve.

Det første eg gjorde var å notere meg kva som var tilgjengeleg i lausvekt i mine nærbutikkar, samt kva varer eg kunne få i komposterbart papir, papp, glas eller metall. Nokre ting vart eg overraska over kor lett det var å finne i lausvekt, som til dømes nøtter og godteri. Kjøtt og proteinholdige matvarer var det verre med. Kolonial og kjøttforhandlarar blei svaret, samt å kutte ned på kjøttforbruken. Det er jo ikkje særskild miljøvennleg uansett. Sjølv om det smakar ganske godt. Eg burde eigentleg kun ete kjøtt nokre gonger for månaden.

Eg byrja å endre matvanene mine. Lage mat frå grunnen av og fryse ned. Og etter kvart som eg gjekk tom for hygieneprodukt, bytta eg dei ut med heimelagde produkt. Sjølv om fleire av matvarene mine no er mykje dyrare en dei eg kjøpte før, sparar eg utruleg nok mykje på å leve søppelfritt. I staden for å kjøpe unødige ting eg eigentleg ikkje treng, spandera eg på meg kjekke opplevingar eg ikkje tidlegare tok meg råda til. Eg byrja og etter kvart å vere fornøgd med dei eigendelane eg allereie hadde, i staden for å hige etter noko nytt. Det trudde eg ikkje at eg skulle vekse av meg. Eg var tidlegare ein stor tilhengar av «trøsteshopping». Små steg har ført meg langt på den søppelfrie stien, og det er faktisk overraskande enkelt. Du må berre gjere endringane i ditt eige tempo og etter kva som passar deg.

IMG_8413 grønnere hverdag, grønn kvardag, miljøvennlig liv, zero waste, søppelfritt liv

Små steg til ein grønare kvardag og eit søppelfritt liv

Kva med å kickstarte di søppelfrie framtid med å utfordre deg sjølv og venegjengen din til å sei nei til plastflasker og plastposar?

Sjølv om dei nye plastflaskene er merka økovennlege, er dette ikkje tilfelle. I motsetning til dei gamle plastflaskene som blei resirkulert opp til 20 gonger, blir dei nye flaskene berre resirkulert nokre få gonger før dei ender som permanent avfall. Sidan flaskepanten ikkje har stege noko dei siste tiåra, er det heller ikkje høg nok pant til at alle flaskene kjem tilbake etter bruk. I motsetning til plast, kan glas og metall resirkulerast mange gonger før kvaliteten blir for dårleg. Å ta med eiga drikkeflaske når du går heimanfrå er også eit godt tiltak!

Dei små plastposane vi gjerne brukar til poteter og tomatar, flyr lett med vinden og hamnar alt for ofte i sjø og skog. Ved å ta med eigne nett, enten nokre du har laga sjølv eller kjøpt, er dei småplastposane lette å eliminere. Du vil også merke det på plastsorteringa. Tøyposane er lette og tek lite plass. Dei kan difor enkelt takast med i sekken eller veska. Kanskje du allereie har nokre vaskenett eller tøyposar heime du kan bruke?

Mange kvir seg på å bruke eigne posar, men personleg har eg kun positive erfaringar med dette.  Mine medbrakte behaldarar fører ofte til at eg hamnar i spennande miljødiskusjonar med reflekterte butikktilsette, noko som eg sett stor pris på.

Vi ser ut til å ha gløymd kva makt vi forbrukarar har. Dette på trass av at vi nyleg fekk butikkane til å snu i palmeoljesaka. Forbrukarmakt gjeld særskild oss kvinner. 70% av verdas kjøpekraft er kvinner. Stem med lommeboka og vis det moderne forbrukarsamfunnet kva framtid du ynskjer.

Kristine Ullaland er bloggaren bak Noregs første Zero-Waste heimeside,  Grønare kvardag.

Bildene er tatt av David Seetiangtham.

2 thoughts on “Eit søppelfritt liv og ein grønare kvardag

    1. Hei Silje! Bildene er tatt hos Mølleren Sylvia, som ligger i Hegdehaugsveien i Oslo. Ser fristende ut :) Hilsen Kari-Anne, Grønne jenter

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s